Bilete frå modellen som vart nytta under utvekling av utstillinga "Kraft i dal og døl".
Utstillingane er utforma med ambisjonar om å formidle Åseral si historie frå folkevandringstida og fram til i dag.
Det vert lagt til grunn ein engasjerande og aktiviserande metodikk, og kvar sone inneheld ein eller fleire aktivitetar mynta på både barn og vaksne. Berøringsskjermane som er spreidde over alle sonene gjev den nyfikne høve til å gå djupare inn i materialet og vil dessutan kunne innehalde spor, leietrådar og oppgåver. Desse er lagde inn med pedagogisk grunngjeving.
For åsdølane vil utstillingane vere ein berar av kulturarven deira, og for gjesten utanfrå skal det vere ein stad å hente kunnskap om kva bygda kan by på av historie, attraktive plassar og aktivitetar.